Foto: André Soltvedt

Foto: André Soltvedt

Tor Arve Røssland er ein norsk forfattar som skriv bøker for barn og ungdom. På denne nettsida kan du ta kontakt for skulebesøk, lese blogg om forfattarlivet og finne generell nyttig og unyttig informasjon. Dersom du vil ha kontakt med forfattaren kan du anten gjere det gjennom Norsk forfattersentrum, eller du kan sende ein e-post direkte til forfattaren.

Dersom du er ein skuleelev som skal skrive om ei av bøkene, eller om forfattaren sjølv, så les gjerne Spørsmål & svar. Det du ikkje finn via denne linken kan ikkje forfattaren hjelpe deg med. 

 

Frå våren 2011 og fram til no har forfattaren besøkt 800 skular, bibliotek, kulturhus, festivalar og fritidsklubbar. Inkludert éitt fengsel og éi gruve. Han har hatt 1594 oppdrag og lese for 75 390 publikummarar.